The Pirates! In an Adventure with Scientists! - Filmdagbok

The Pirates! In an Adventure with Scientists! 2012

Eg likar Aardman Animations. Då er det gjerne punktfotograferingsanimasjonane eg heller mot, sjølv om Flushed Away gleda meg stort i 2006 som fullstendig dataanimert. I denne filmen blir både punktfotografering og dataanimasjon blanda. Det ser lekkert ut.

Filmen har med The Pirates! In an Adventure with Scientists! eit ganske sprekt namn etter min meining. Han handlar om eit passe udugeleg mannskap om bord ei sjørøverskute. Dei må verkelege trå til om dei skal ha ein sjanse til å vinne prisen for dei beste piratane i løpet av året. Dette fører til nokon sjansar og snodige eventyr, som blir proppa full av morosame figurar, hendingar, referansar, ordspel og billedlege ordspel.

Eg tykkjer at det blir i overkant, rett og slett fordi det blir pøsa på med så mange billege poeng. Kanskje eg forventa noko meir subtil humor som i Wallace & Gromit, men dette fell berre greitt i smak.