Ti år etter alle barn under ni år plutseleg fall inn i ei form for koma vaknar dei opp igjen og byrjar å drepe folk. I kjent zombiefilmstil følger me ei gruppe med menneske som prøver å unngå å bli drepne. Men dette er ikkje zombiar, dette er levande menneske på 19 år og yngre som går rundt i ein slags transe.
Dette er den første spelefilmen til Hal Masonberg. Han prøver med denne å lage ein living dead-film som unngår dei verste klisjeane. Her er det ingen splitta gruppe, og stereotypane er tona ned. Hovudpersonen Tom som nettopp har komme ut frå fengselet etter uforsettleg drap er nærast som pasifist å rekne, mens ekskona Jean som ikkje kan tilgi Tom for det han gjorde har ei mørkare side ved seg.
Slik sett er filmen interessant. Han lev aldri opp til dei forventingane eg har om kva som vil skje. Men det gjer og filmen til ei lite engasjerande greie. Når han ikkje hentar det inn på å vere skummel, så er det ikkje så mykje igjen. Likevel om ungdomsgjengen i transe er både raske, smarte og sterke, så klarer ikkje filmen seg.
Slutten er også noko av det mest tullete eg har sett på ei stund. Han set dermed prikken over i-en på filmen som godt under middels. Skodespelarane nemner eg ikkje, dei gjer ikkje stort ut av seg. Dialogane er få og dumme. Dei verste klisjeane er unngått, men nokon dukkar opp.