Mange der ute held Waterworld frå 1995 med Kevin Costner i hovudrolla for å vere ein av dei verre filmane hans og ein dårleg post-apokalyptisk storproduksjon. Personleg synst eg Waterworld hadde det som skulle til for å tilfredsstille interessami innan sjangeren. Difor såg eg aldri på dei labre tilbakemeldingane The Postman har fått som eit hinder for å sjå han.
The Postman er den eigenregisserte 1997-produserte post-apokalyptiske filmen av Kevin Costner med han sjølv i hovudrolla.
Me hoppar rett inn i det som er ein typisk dag for mannen utan namn. Han som etter kvart vil gå under namnet Postmannen. Med hest som følge, snuskete klede og ein forlaten og nedsliten bensinstasjon som nyleg kome til mål er ramma sett. Eit av dei store spørsmåla eg stiller meg ved film av den post-apokalyptiske sorten er kva apokalypsen gjekk ut på. The Postman går lite innpå dette og gir seg stort sett på at det har vore ein større krig.
Eg har tillit til Kevin Costner og andre avgjersletakarar når dei har avgjort å rette merksemda mot ei meir universell post-apokalyptisk setting, viss det då var planen. Det hadde likevel ikkje skada å gjere manuset skarpare og rikare på informasjon.
Dialogane og monologane i filmen er på mange måtar altfor enkle, på kanten til banale faktisk. Eg hadde forventa meir i ein film der Brian Helgeland var involvert. Så må det også vere nemnt at filmen er basert på ei bok som på ingen måte er vurdert her. Utan å ha lese ho mistenker eg boka for å vere betre likevel, vonleg i behandlinga av fortida.
Med sine godt og vel tre timar skal du kunne forvente mykje av The Postman, som endar opp med å stå fram som ein tre timer lang teaser trailer. Eg tykkjer altså at konseptet har potensiale, det luggar berre i kantane. Eg kjedar meg heller ikkje grenselaust, men sat positivt innstilt til at det rundt neste sving ville utvikle seg til å bli betre.
Eg høyrest kanskje negativ ut. Det er for å fram at det er lite spektakulært som blir tilbydd her, heller enn at ting er på trynet. Sant skal seiast så legg det meste seg midt på treet. Me har ein del spenningssekvensar, ein del skyting og brutalitetar, nokon rotete intime augneblinkar og mykje heltesnakk. Det går ned, men vil ikkje bli hugsa.