Hopp til hovedinnhold
Plakat for The President's Analyst (1967)

The President's Analyst

Film
2

James Coburn spelar ein dyktig psykoanalytiker, som blir headhuntet til den ærefulle jobben som psykologen til presidenten.

Det som i starten verka som eit spennande og interessant oppdrag, endar opp med å bli eit stressmoment for karakteren Dr. Sidney Schaefer spelt av James Coburn.

Til slutt prøver han å rømme, då dette er hans einaste utveg etter alt han har lært om presidenten i deira sesjonar. I tillegg til amerikansk etterretning får han mektige byrå frå resten av verda etter seg også. Alt frå russarar og kinesarar til kanadiarar.

Etter den innleiande delen av filmen, fram til Schaefer merkar stresset i jobben, mistar eg mykje av interessa. Filmen tar ei vending mot å bli ei blanding av agentkomedie og kasteballkomedie. Eg er usikker på den rette kategoriseringa, og meiner med kasteballkomedie at me flyttar oss geografisk frå det eine problemet til det andre. Litt som i ein bilturkomedie.

Agentkomedien er ein styrke for Chuck Rothman på Great but Forgotten (greatbutforgotten.blogspot.com). Han rosar sjarmen til James Coburn, men finn særleg mykje å glede seg over i agentane spelte av Godfrey Cambridge og Severn Darden. Det er ei ganske anna oppleving enn mi. Eg blir mindre interessert når filmen utvidar seg til ei jakt med stadig nye aktørar, og skulle heller hatt meir av psykoanalytikaren og det opphavlege oppdraget.

Forventingane mine var nok meir knytt til James Coburn og rolla hans som psykoanalytikeren. I forkant av filmen såg eg filmtraileren, som fokuserte på dette aspektet. Og på James Coburn som ein slags playboy. Eg veit betre enn å forvente ein film lik filmtraileren, men dette var som natt og dag i store delar av filmen.