The Prestige - Filmdagbok

The Prestige 2006

Eit vennskap mellom to spirande magikarar blir øydelagt av trongen til den eine til å tøye grensene. Ein episode fører til at ei ung kvinne i eit utbrytingsnummer druknar og den eine av dei to spirene legg skulda på den andre.

Etter kvar utviklar dette seg til ein seriøs kamp om å utføre den mest spektakulære tryllekunsten, samt eit mørkt og blodig hemntokt som utviklar seg til å gå begge vegar. The Prestige tar oss med både framfor og bak showet. Han forklarer i overkant av det som er nødvendig for å bli imponert, men ikkje alt. Me får eit innblikk i illusjonar og vitskap som er utgangspunktet for fine tryllekunstnar. Dessutan sper ikkje The Prestige på med nok mystikk.

Forteljarstilen er utfordrande, men elegant gjennomført. Ei historie blir fortalt stort sett i tilbakeblikk, frå ulike synspunkt og mange løgner på lur. Eg føler likevel ikkje at det ligg an til den største overraskinga, mange hint ligg tydelege i bilde undervegs på kva det handlar om.

Ved sidan av for mykje eksponering tykkjer eg at skodespelarane bleiknar her. Ingen er dårlege, men eg hadde forventa meir når namna er Christian Bale og Michael Caine, blant fleire. Dei ror det i land, men forutan å vere ein underhaldande film på to timar kjem eg ikkje til å hugse The Prestige stort.