
The Princess Bride
Eit lite vonbrot dette.
Eg kan starte med det eg likte med filmen. Mandy Patinkin gjer ei framifrå rolle som dugeleg fektar, og leverer også den einaste scena eg synest er god. Han fektar dramatisk mot den maskerte piraten på kanten av eit stup.
Resten vart for mykje ein eventyrfilm for barn for meg. Humoren var ikkje dristig nok og historia var ikkje dramatisk nok. Dei som er vakse opp med filmen har nok eit betre forhold til han enn meg. Sidan dette var første gong eg ser han, så kan eg ikkje sei noko fint om filmen som eg ikkje meiner.
Den trygge eventyrkjensla er nettopp noko skribenten på Thoughts of a SteelMonster (thoughtsofasteelmonster.blogspot.com) set pris på. Omtalen framhevar fektinga, humoren og den lykkelege slutten som grunnar til å sjå filmen igjen når humøret treng eit løft. Eg finn lite av den same gleda utanom Mandy Patinkin. Det viser at vonbrotet mitt ikkje berre treng handle om manglande nostalgi. Eg ønsker meir brodd og dramatikk frå akkurat den eventyrforma andre gjerne vil kvile i.
