
The Princess Switch: Switched Again
The Princess Switch: Switched Again er oppfølgaren til julefilmen The Princess Switch som kom på Netflix i 2018. Vanessa Hudgens vender tilbake i same rolle, og me blir med på å utforske ei ny historie i livet til Chicago-bakaren som har blitt prinsesse i det oppdikta landet Belgravia.
Dette er ein del tynnare enn forgjengaren. På mange måtar er det òg det same. Men det er noko med ein svak oppfølgar, som framstår som meir meiningslaus enn ein svak til grei førstefilm.
Trass i at det er tynt, så er det overkommeleg. Det er ikkje ein høgt påkosta produksjon, men han har sine kvalitetar innanfor avgrensingane. Historia er ikkje den beste, men eg er heller meir kritisk til at me ikkje kjem innpå karakterane i denne filmen. Det kunne ha redda han litt.
Amaka Obi er meir fornøgd med den lette underhaldninga på Maks’ Corner (maksobi.wordpress.com). Ho meiner dei usannsynlege forvekslingane og klisjeane høyrer med til sjarmen, og at filmen først og fremst skal gi julestemning. Eg kan godt godta det utgangspunktet. Men òg ein slik film treng karakterar eg kjem nær nok til å bry meg om, og der blir denne oppfølgaren for tynn for meg.
