The Princess Switch: Switched Again - Filmdagbok

The Princess Switch: Switched Again 2020

The Princess Switch: Switched Again er oppfølgjaren til julefilmen The Princess Switch som kom på Netflix i 2018. Vanessa Hudgens vender tilbake i same rolle, og me blir med på å utforske ei ny historie i livet til Chicago-bakaren som har blitt prinsesse i det oppdikta landet Belgravia.

Dette er ein del tynnare enn forgjengaren. På mange måtar er det òg det same. Men det er noko med ein svak oppfølgjar, som framstår som meir meiningslaus enn ein svak til grei førstefilm.

Trass i at det er tynt, så er det overkommeleg. Det er ikkje ein høgt påkosta produksjon, men han har sine kvalitetar innanfor avgrensingane. Historia er ikkje den beste, men eg er heller meir kritisk til at vi ikkje kjem innpå karakterane i denne filmen. Det kunne ha redda han litt.