Ei kvinne og livshistoria hennar. Spelt av den ekstraordinære Robin Wright. The Private Lives of Pippa Lee er ein passe udefinerbar film ei stund, men hentar seg etter kvart inn, samtidig som karakteren Pippa Lee kjem til overflata som seg sjølv.
Dette handlar om ei kvinne som har vore gift med ein eldre mann i mange år. Dei har blant anna flytta til eit område med fleire eldre, og det er etter dette at livet til Pippa Lee vil bli noko nytt.
Tilbakeblikk og notid skrellar av topplaget og det føyelege ytre, og viser ei kvinne med behov for å vere rasjonelt egoistisk og gjere sitt beste ut av sitt eige liv. Også er dette som nemnt spelt av Robin Wright, ei grasiøs og elegant kvinne og dyktig skodespelar.
Det er stemningsfullt og ein film som er rik på historie og inntrykk, men som i lys av sin historia ikkje er tydeleg nok på retninga heile vegen. At karakterane ikkje umiddelbart har nok dimensjon til å fange, men berre interessere, gjer at det tar tid før eg blir varm i trøya med The Private Lives of Pippa Lee. Og dette er hovudpunktet å trekke ned på.