Ein rik mann hyrer ei gruppe med profesjonelle pistolmenn for å hente kona heim igjen frå Mexico. Han opplyser om at ho har blitt kidnappa av ein berykta og farleg banditt, og berre dei beste kan klare å få ho tilbake.
Gruppa består av karakterar som blir spelt av skodespelarar som allereie var store i 1966. Burt Lancaster og Lee Marvin har den øvste kreditten, og Claudia Cardinale spelar den kidnappa kvinna.
The Professionals er ein hovudstraumsfilm med lett og ledig dialog og mykje action. Handlinga er ganske rett fram. Gjengen med profesjonelle skal ri sørover, hente kvinna og ri nordover igjen. Undervegs møter dei hindringar, og møte med den berykta banditten er eit klimaks.
Ein ting eg tidleg la merke til i filmen var måten karakterane prata i lag på. Dei har ei fortid i lag, og dei snakkar i lag som om dei har vore med i tidlegare filmar i lag. Noko dei ikkje har. Det er ein kameratsleg tone som på godt vis er med på å bygge karakterane, sjølv om det i blant blir for opplagt at regissøren seinare vil bygge noko på det dei har mimra om.
Eg kan gå god for The Professionals som ein passe god westernfilm. Han er midt på treet av det eg har sett. Det er vel heller karakterane eg ikkje tykkjer mest om. Det er ingen mystikk rundt dei. Som opne bøker blir dei fort litt kjedelege. Samtidig er dei veldig typiske heltefigurar i tida anno 1960-talet, slik som i hovudstraumsfilmar, og det byr ikkje på det meste av originalitet. Historia til filmen likar eg godt. Filmen er godt oppbygd og har mange spennande og lure scener som eg lar meg underhalde av.