Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Proposal (2009)

The Proposal

Film
4

The Proposal er den mest innbringande filmen med Sandra Bullock hittil. The Blind Side, som også kom i 2009, gav ho den mest innbringande opningshelga hennar. Den 46 år gamle kvinna har gjort det skarpt det siste året.

Om The Proposal er ein fullt ut like skarp film kan diskuterast, men dårleg er han ikkje. Eit par ting skal vere sagt om denne typen romantisk komedie, det er den typen som stadig vekk kjem tytande ut av dei store studioa, og der mesteparten er heller dårleg. I blant dukkar det derimot opp ein film som du kan sette pris på. Sjølv om det kom betre komediar ut i løpet av 2009, er The Proposal verdt å nemne innanfor sitt felt. Eg viser til plakaten og tittelen, som du kan knyte visse assosiasjonar til.

Det er i grunn liten vits å seie noko om handlinga. Det er verken originale vendingar eller ekstraordinære skodespelarprestasjonar å finne her. The Proposal er likevel passe frisk. Han har humor som fungerer og sin del av små, hjartevarme augneblinkar. Eg vil likevel åtvare dei som lett får nok av søte romantiske komediar. For dei vil denne sannsynlegvis ikkje falle i smak.

For oss andre som kan sette pris på ein film med store filmstjerner i rollene. Og som blir forelska over den ene klisjeen og under den andre, så er The Proposal godt over gjennomsnittet. Det i ein sjanger der mykje ligg under gjennomsnittet. Dette er ikkje ein film som er god berre fordi liknande filmar ofte er dårlege. Sandra Bullock og Ryan Reynolds utgjer eit godt team. Resultatet blir til tider nydeleg, med små stunder som kan få deg til både å le og tenke.

For MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com) blir klisjeane eit langt større hinder. Ho meiner filmen varslar vitsane for tydeleg og tyr til slapstick nett når det kunne ha oppstått ekte kjensler. Der går me kvar vår veg. Eg ser også kor velkjend oppskrifta er, men finn nok humor og varme i møtet mellom Sandra Bullock og Ryan Reynolds til at filmen løftar seg over mykje anna i same sjanger.