Ein lang westernfilm om ein bror som får eit val om å drepe den eldre broren sin for å redde den yngre. Med Guy Pearce og Ray Winstone.
Brun og skiten og ei brutal framstilling av den lange armen til lova i Australia. Deira tankegang og metodar for å ta knekken på forbrytarar og valdelege innfødde.
Både lydsporet og manuset er laga av Nick Cave og er utan tvil ein god jobb. Her fall derimot ikkje stilen til filmen helt i smak. Western er ein sjanger eg har vanskeleg for å involvere meg i.