Viss du likar kampsportfilmar, så må du sjå denne. Det er den beste filmen i sin sjanger siden Ong-bak, og er også ein Prachya Pinkaew-produksjon.
Me møter Kham, spelt av Tony Jaa. Elefanten til familien hans blir stole av ein gjeng kriminelle lokalisert i Australia. Kham er trent opp som ein Jatubaht, ein krigar som skal verne elefanten. Noko som tilseier at han er ein god kampsportutøvar.
Filmen er full av ville stunt, og er nesten meir imponerande enn Ong-bak. Men begge to må sjåast.
Noko anna som også imponerer meg er den varierte bruken av teknikkar, men at det framleis verkar realistisk. Kombinert med vakkert kamerautsnitt og kameraføring, så er dette både nydeleg å sjå på samt spennande.
Eg er kanskje ikkje alltid den lettaste personen å engasjere, men denne filmen blei berre betre og betre. Spesielt ei scene der Kham slåst sin veg opp fem etasjar utan at scena blir klipt.
Eg vil komme med litt kritikk på slutten, så eg ikkje berre snakkar om filmen som feilfri, blenda av alt det gode. Historia er ikkje den mest originale, bortsett frå at dei har putta inn ein elefant her, men det fungerer. Og noko av klippinga er litt for rask eller litt for sein til å få ein god flyt. Bruken av sakte kino kunne ha vore betre. Men trass i desse småtinga blir det bra.