The Public Enemy - Filmdagbok

The Public Enemy 1931

Seks personar tipsa eg om denne filmen i dag, seks personar sa huff når dei høyrte han var frå 1931. Seks personar gjekk glipp ein av glimrande klassikar med James Cagney, ein av dei mest karismatiske skodespelarane eg kjenner til frå denne tidsperioden.

The Public Enemy er historia om Tom Powers og Matt Doyle, to barndomsvenner som veks opp til å bli berykta gangsterar. Filmen følger dei frå 1905, gjennom første verdskrig og under forbodstida på amerikansk 1920-tal. Frå tida som unge småkriminelle til eit liv i sus og dus.

Eg har alt nemnt ei sterk side ved filmen, som er James Cagney. Ei anna positiv side er oppbygginga. Det er alltid noko av interesse som skjer, og alt frå kamera til dialog er tydeleg på kva som går føre seg, noko som passar bra når dette skal innpå 83 minuttar. Som opningsteksten formidla så er dette heller ingen glorifisering, men ei formidling av ei sann historie. Det er ingen grunn til å like den kriminelle mannen, men det passar å følge han i denne historia.