Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Puffy Chair (2006)

The Puffy Chair

Film
3

Tre år før Baghead, som eg skreiv om for ikkje lenge sidan, kom debutfilmen til Jay Duplass og Mark Duplass. The Puffy Chair er ein halvveges seriøs bilturkomedie om eit kjærastepar. I tilknyting ein bursdag legg kjærasteparet ut på ein tur for å hente ein stol som skal bli ei bursdagsgåve. Med seg på turen får dei broren til mannen i forholdet.

Eit ustabilt forhold med ein lite skjerpa kjærast, ein påtrengande bror og ein del problematiske hindringar på vegen, utgjer The Puffy Chair. Som med Baghead er dette òg gjennomført med amatøraktig sjarm. Det er ikkje den beste kvaliteten i verda på det reint tekniske, men truverdige framføringar frå skodespelarane og ein god kontakt med publikum veg opp.

Og litt i ånda av Woody Allen er det interessante mellommenneskelege problem som opptek det seriøse grunnlaget for filmen. Dette tilfører noko genuint og ekstra samanlikna med enklare komediar som utelukkande går for den lettfattelege humoren.

På Lida’s Film Blog (lidafilmmaker.wordpress.com) blir den vaklande kamerastilen lesen som ein del av nærleiken. Skribenten meiner det er dei små kommunikasjonsproblema og kvardagslege situasjonane som gjer forholdet truverdig, framfor store dramatiske vendepunkt. Det passar godt med sjarmen eg finn her. Den enkle forma let dei ubehagelege augneblinkane vere attkjennelege, og komedien får noko meir å arbeide med enn berre vitsar.

The Puffy Chair er først og fremst for dei som er på jakt etter ein tona ned dramakomedie og ikkje har behov for Hollywood-stjerner eller stålkontrollerte steadicam-bilde.