The Puffy Chair - Filmdagbok

The Puffy Chair 2006

Tre år før Baghead, som eg skreiv om for ikkje lenge siden, kom debutfilmen til Jay Duplass og Mark Duplass. The Puffy Chair er ein halvveges seriøs bilturkomedie om eit kjærastepar. I tilknyting ein bursdag legg kjærasteparet ut på ein tur for å hente ein stol som skal bli ei bursdagsgåve. Med seg på turen får dei broren til mannen i forholdet.

Eit ustabilt forhold med ein lite skjerpa kjærast, ein påtrengande bror og ein del problematiske hindringar på vegen, utgjer The Puffy Chair. Som med Baghead er dette òg gjennomført med amatøraktig sjarm. Det er ikkje den beste kvaliteten i verda på det reint tekniske, men truverdige framføringar frå skodespelarane og ein god kontakt med publikum veg opp.

Og litt i ånda av Woody Allen er det interessante mellommenneskelege problem som opptek det seriøse grunnlaget for filmen. Dette tilfører noko genuint og ekstra samanlikna med enklare komediar som utelukkande går for den lettfattelege humoren.

The Puffy Chair er først og fremst for dei som er på jakt etter ein tona ned dramakomedie og ikkje har behov for Hollywood-stjerner eller stålkontrollerte steadicam-bilde.