Menneske har eit naturleg instinkt som rovdyr for å drepe, men samfunnet har tvinga oss til å undertrykke desse kjenslene ved å leve på ein sivilisert måte. Iallfall i følge den nye Ethan Hawke-filmen The Purge, eit veldig interessant konsept for ein film, som utforskar eit framtidig samfunn der alle lovbrot er tillate ei natt i året.
Det er 2022 som eigentleg ikkje er så langt unna. Arbeidssløysa i USA er eit prosentpoeng. Kriminaliteten er rekordlåg. Og alle verka lykkelege, spesielt James Sandin (Ethan Hawke), ein rik statsborgar som tenar ei formue på å selje sikkerheitssystem til hus. Populært med tanke på å verna seg under den årlege utreinskinga.
I utgangspunktet er årsaka til at arbeidsløysa og kriminalitet er så låg, at det skjer ei utreinsking ei natt kvart år, kor alle lovbrot som mord, valdtekt, ran, med meir er lovleg. Verken politiet eller andre beredskapstenester får lov til å blande seg inn. Det er fullstendig galskap. Men på film er det også spennande.
James og familien hans unngår utreinskinga ved å verne det store huset sitt med eit sikkerheitssystem. Mens utanfor drep alle andre kven dei vil. Dette endrar seg derimot når den yngste sonen til James, Charlie, slepp inn ein framand i huset.
Dette byrjar som ein veldig fengslande film. Konseptet med lovleg kriminalitet var interessant ei stund. Men ikkje så langt ut i filmen gjekk dette mot å bli ein vanleg actionfilm, kor Ethan Hawke kjempar mot farlege gjengar som prøver å angripe huset. Eg likar ein god actionfilm, men er glad for at The Purge skapa eit bakteppe før det gjekk så langt.
Kort spelelengde på 85 minuttar, og ein del vendingar ved jamne mellomrom, sørgar for at dette ikkje blir kjedeleg.