The Purge: Election Year - Filmdagbok

The Purge: Election Year 2016

Dette er den tredje delen av filmserien kalla Purge. Har du ikkje sett dei to andre filmane før, så anbefaler eg å gjere det før du ser The Purge: Election Year. Det er ikkje obligatorisk, for filmen kan stå på eigne føter, men blant anna den første filmen, The Purge, har ein god introduksjon som set det heile i gong.

Hovudideen til filmen er at den amerikanske regjeringa vil redusere valdsbruken i samfunnet. Sjølv om deira intensjonar er opplagte, er konseptet med å oppnå målet unikt. Ei utreinskingsnatt ein gong i året, kor alle valdelege og brutale handlingar er lov. Det inkluderer mord og tortur. Ei slik natt skulle kutte kriminalitetsnivået resten av året. Ei interessant tilnærming sidan det er så absurd.

Mens dei to første filmane handla mest om karakterar som prøvde å overleve, så har denne filmen eit anna formål. Ein senator som stiller til val har lyst å stoppe utreinskingsnatta. På ei anna side jobbar ministrar for regjeringa for at natta skal halde fram å eksistere. Debattar, intervju og dialogar utgjer byrjinga av filmen. Ei god opning som legg grunnlaget for resten av filmen.

Under utreinskingsnatta som me fort kjem til, får me vita målet for filmen. Det er for dei innblanda karakterane å halde senatoren i live. Ein karakter frå den førre filmen, Leo Barnes (Frank Grillo) blir sett på jobben. Utover det at ansiktet hans er å kjenne igjen frå The Purge: Anarchy, så blir ikkje noko samanheng med den førre filmen nemnt.

Filmen gir oss lure vendingar og mange actionscener. Sjølv om filmen har gode personlegdommar på rekke og rad, går ikkje regissøren i fella med å skulle brette ut alt om kvar enkelt person. Det som driv motivasjonen deira forblir gjerne skjult.

Korte actionscener bryt opp gangen i handlinga, og fungerer som overgangar. Og dei dramatiske scenene er med på å gjere dette til ein betre action og thriller.

For å oppsummere vil eg sei at eg likte filmen. Trass i at han ikkje var så godt strukturert som ein typisk god thriller, men verka å legge meir vekt på action. Filmen varer i gode 100 minuttar, som er eit heilt kvarter meir enn The Purge. Men sidan det er meir historie å fortelje, sidan me har det definerte målet, så er det godkjent.