
The Purple Rose of Cairo
Dette er ein film av Woody Allen, men utan Woody Allen, verken på bildesida eller i lydsporet. Der har me Mia Farrow og Jeff Daniels, med hjelp av Danny Aiello.
Cecilia (Mia Farrow) lev under depresjonen, er glad i film og mindre glad i ektemannen Monk (Danny Aiello). Så kjem The Purple Rose of Cairo på kino og ho blir fullstendig fengsla og må sjå han om igjen fleire gonger, heilt til Tom Baxter (Jeff Daniels) ein dag hoppar ut av lerretet.
Morosamt og spesielt. Og Woody Allen er godt oppmerksam på bruken av filmformatet. Her blandar han alle moglege konvensjonar i hytt og pine.
At Tom ikkje kan meir enn filmen har lært han, gir mykje av humoren. Chloe Pantazi på A Review of One’s Own (areviewofonesown.wordpress.com) framhevar korleis den tilsynelatande perfekte filmhelten kjem til kort i røynda. Det er ein fin måte å bruke sjølve formatet på. Woody Allen nøyer seg ikkje med å sende ein figur ut av lerretet, men let reglane frå den eine verda skape komiske problem i den andre.
