The Rainmaker - Filmdagbok

The Rainmaker 1997

The Rainmaker av Francis Ford Coppola er eit drama og ein thriller med Matt Damon og Danny DeVito.

Filmen er ei David mot Goliat-historie, der eit par idealistiske advokatar utfordrar eit stort advokatfirma som representerer eit korrupt selskap.

The Rainmaker er ein fin film. Det er lett å heie på den du har låge forventingar til, og det er lett å like eit rettssaksdrama.

Dette var ein av dei tidlege filmane til Matt Damon, og filmen kom ut same året som Good Will Hunting. Det er ingenting å utsetje på rolletolkinga hans, sjølv om det ikkje er ei minneverdig rolle han gjer.