Ei kvinne skil seg med ektemannen og flyttar frå forstaden og inn til New York. Ho blir kjent med ein yngre fyr som jobbar på ein kafe, og søt musikk oppstår. Men det er ein aldersforskjell. Og har dei meir til felles enn at begge to nyleg har komme ut av eit forhold?
Du veit korleis det går, det kan vere både litt av sjarmen og komforten i ein romantisk komedie. Catherine Zeta-Jones gjer ein fin jobb, mens Justin Bartha kunne ha blitt erstatta av kven som helst, utan at det betyr noko til eller frå.
Det er noko med situasjonen til kvinna, som har med seg eit barn i flyttinga, som gir filmen ein ekstra dimensjon. Det kan ikkje berre bli ein eventyrleg sak i storbyen, men må vere jordnært nok til å bli realistisk med tanke på barnet. Ettersom kvinna er smart og dyktig blir dette forventa.
Det er sånne små detaljar som gjer at ein romantisk komedie kan løfte seg litt over resten, og dermed få grunnlag for å bli hugsa. For sett forbi at filmen heng flott saman og har eit godt driv, så er ikkje dette ei nyskapande historie på noko vis.