
The Ref
Ein krimkomedie med Denis Leary, Judy Davis og Kevin Spacey.
Eit ektepar kranglar. Det er julaftan. Ein innbrotstjuv blir jakta av politiet. Deira vegar møtes og det blir alt anna enn ei normal julefeiring. Ekteparet blir gissel, men ting eskalerer til meir enn ein typisk gisselsituasjon.
The Ref er ein god film, morosam, men ikkje hysterisk. Hittil blant dei sette julefilmane i år er det den beste. Det han manglar i originalitet, hentar han inn med gode skodespelarprestasjonar, greie forvirringar og ei imponerande god julestemning i bakgrunnen av alt kaoset.
Andrew Wickliffe på The Stop Button (thestopbutton.com) meiner Judy Davis og Kevin Spacey gir liv til personar som elles lett kunne ha blitt reine karikaturar. Han finn mykje som fungerer i samspelet og flyten, sjølv om filmen har sine avgrensingar. Det passar godt med mitt eige inntrykk. Kranglinga og forviklingane treng ikkje vere spesielt originale når skodespelarane får nok ut av dei til å halde komedien i gang.
Filmen er sopass kurant at han fortener ei slags anbefaling. Så sant du trur du har sett alle dei beste julefilmane, og siktar inn mot det som berre er bra.
