Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Revenant (2015)

The Revenant

Film
3

2015 kom og gjekk og eg fekk aldri sett The Revenant. Så hamna filmen på ei liste og blei utelatt til fordel for andre filmar fram til no.

Kva skal eg sei? Det er ein god laga film, men litt for dyster og mangelfull på håp til at eg får det største utbyte av å sjå han. Det blir mest å sette pris på godt skodespel, røff realisme og ei forsåvidt god historie. Ikkje verst for ein film dette heller, men eg kunne tenke meg noko litt meir når filmen strekker seg opp mot å vere to og ein halv time lang.

Også omtalen til Mr. Movie’s Film Blog (mrmoviefilmblog.com) skil mellom imponerande handverk og ei krevjande oppleving. Skodespelet og bileta får mykje ros, medan den gjentekne kampen for å overleve og den lange avslutninga blir innvendingar. Det liknar mi eiga oppleving. Eg kan beundre utføringa utan å få så mykje meir ut av alt mørket.