
The Rewrite
Ein tidlegare suksessfull manusforfattar frå Hollywood tar ein forelesingsjobb på eit college i Binghampton, i fråvære av andre relevante jobbar i Los Angeles.
Han går inn i den nye jobben med eit nedsettande syn på moglegheita til å kunne lære andre å skrive filmmanus. Me kan lett karakterisere han som ein fyr med haldninga til ein dritsekk, men i størst grad er han ein hyggeleg fyr det er lett å sjå potensiale for forbetring i.
Hugh Grant er midtpunktet, med blant anna Marisa Tomei som støttespelar. Med filmografien til Hugh Grant i minne er det lett å like han som ein smått overlegen fyr som kan hente seg inn i løpet av filmen.
The Rewrite nyttar alle kjente triks i boka for å gjere dette til både ein inspirerande lærerfilm, romantisk komedie og ei historie om å finne tilbake til sitt beste sjølv. Det gjer filmen på ein god måte, så god at han evnar å fengje heile vegen og mane fram gode emosjonelle reaksjonar frå meg.
Den velkjende Hugh Grant-figuren er både ei hjelp og ei avgrensing. Rachel Brook på Scene a Lot of Films (scenealotoffilms.wordpress.com) finn han mindre karismatisk enn i Music and Lyrics, men set pris på humoren, referansane og at romantikken ikkje tek all plassen. Eg er meir fornøgd med heilskapen. For meg fungerer det at Hugh Grant er lett å like, samtidig som historia gir han ei retning og eit potensial for å bli betre.
