
The Rider
The Rider er ein moderne westernfilm som viskar ut skiljet mellom dokumentarfilm og fiksjonsfilm basert på sanne hendingar. Brady Blackburn (Brady Jandreau) er ei rodeostjerne som får ein alvorleg hovudskade under ein konkurranse. Livet hans i ettertid blir vanskeleg, men filmen har ei fin fordeling av alvor og fine stunder som gjer det til ei interessant forteljing, heller enn ei tung ei.
Det er livshistoria til Brady Jandreau dette bygger på, og fleire av dei medverkande i filmen spelar enten seg sjølv eller ein variant av seg sjølv. Dette gir eit litt spesielt preg på filmen, men går heldigvis ikkje på bekostning av prestasjonane eller kvaliteten. The Rider står fram som ein film der historia kjem fram og karakterane er truverdige.
Blandinga av drama og dokumentarisk nærleik blir også rost på The Film Blog (thefilm.blog). Skribenten meiner Zhao lèt erfaringane til dei medverkande kome fram utan å miste det dramatiske grepet, og trekker fram den varsame tonen. Det passar godt med mi eiga oppleving. Historia kjennest nær og truverdig, men blir også forma til noko meir enn eit reint innblikk i eit liv.
Mykje av det eg veit om livet i ulike delar av USA har komme gjennom filmar og serie, som drypp gjennom fiksjon. The Rider gir eit godt innblikk og går i djupna på ein del av USA og ein kultur eg visste om, men visste lite om. Og evna filmen har til å både fungere på eit overordna plan og gå i detaljane er så bra som det skal vere.
