
The Right Stuff
Det tok litt tid frå eg tenkte å sjå denne, til eg fekk sett han. Men det var verdt ventetida. Tre timar høyres mykje ut for ein film. Men filmen engajserte meg tidleg og var godt heile vegen.
The Right Stuff vekslar fint testflygingar og livet til astronautane. Eg får kjensla av å vere tett på både dei som sat i cockpiten, og dei som venta heime med frykta for at noko skulle gå gale.
Skodespelarane er verdt å nemne. Ed Harris, Sam Shepard, Scott Glenn, Dennis Quaid og fleire til. Dei leverer varene. Eg likte godt blandinga av humort og alvor. Prosjektet det handlar om er i utgangspunktet livsfarlig, så då gjer det med noko som tek av brodden. Flysekvensane ser framleis bra ut i dag. Og kan i nokre tilfelle vere meir interessante enn mykje nyare action.
Dette er eit solid stykke historieforteljing. Han handlar om heltar og førebilete. Og om dei små tinga.
Humoren gjer også helteskildringa meir interessant for Charles Matthews på Misfortunes of Imaginary Beings (charlesmatthews.blogspot.com). Han meiner den respektlause tonen bryt med høgtideleg patriotisme, og rosar eit ensemble som får astronautane til å verke menneskelege. Det passar med gleda eg har av blandinga. Alvoret i det dei gjer, blir ikkje borte fordi filmen også har rom for det komiske.
