The Road to Guantanamo - Filmdagbok

The Road to Guantanamo 2006

Dette er filmatiseringa av ei sann historie om tre venner som reiste til Pakistan for å feire eit bryllaup, men som etter kvart hamna i Guantanamo på Cuba. Som tittel viser til så er det lagt vekt på det som skjer før dei når dit.

Eg skal legge korta raskt på bordet og ikkje opne med det positive denne gongen, for eg finn ingen positive ting med filmen. Det er ei lang og treg reise som blir skildra, der lite skjer på ein småleg måte. Det dokumentariske preget til filmen får meg til å tenke at dette nok hadde passa best som ein rekonstruksjon på Discovery.

At synet mitt på det militære er ganske så anstrengt frå før hjelp ikkje. Ja, det er meininga at du skal mislike militære i denne filmen meir enn litt, men eg taklar det ikkje og blir berre frustrert. Når denne frustrasjonen startar tidleg så er det dømt nord og ned for min del.

Kritikken og den dramatiske historia ser eg som poenget her. Eg skal ikkje avfeie at filmen er blotta for fornuft. Det blir med det her, og eg vil ikkje sei at filmen øydelagde dagen min. Han øydelagde berre 90 minuttar eg kunne brukt til å ta både oppvasken på og surfa på nettet i.