Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Rock (1996)

The Rock

Film
4

The Rock er kallenamnet til den berykta fengselsøya i San Francisco Bay, og har vore utgangspunkt for mange populærkulturelle forteljingar. Clint Eastwood og Steven Seagal har besøkt øya i ulike filmar. Denne gongen er det Sean Connery og Nicolas Cage som leiar an mot Ed Harris og John C. McGinley i nasjonalt ærend.

Forutan desse kjente dukkar det opp ein drøss med andre kjente ansikt i denne spenningsfilmen som overraskar trass i tradisjonelle framstillingsmetodar. Ein eks-militær tropp stel rakettar og kjemiske våpen nok til å ta livet av ein merkbar del av San Francisco-befolkninga, og lagar seg ein base på Alcatraz. Der er dei klar til å presse ut 100 millionar amerikanske dollar av nasjonalstaten.

Overraskinga kjem på meg i form av ingen direkte usmakelege humoristiske vendingar som ofte øydelegg for spenningsfilmar. At regissøren Michael Bay klarar å køyre løpet ut er bra. Det er noko han i ettertid har mislykkast med i The Island, Bad Boys II og Pearl Harbor. I korte trekk blei ikkje dei negative forventingane mine til desse punkta innfridd.

Eg ser ingen grunn til å dra det meir ut. The Rock er skapt for å vere ein spenningsfilm, og serverer friske eksplosjonar og hårfine redningar. Er du på jakt etter realisme kan du sjå ein annan veg.

Tida har gjort Jeffrey M. Anderson mildare stemt på Combustible Celluloid (combustiblecelluloid.com). Han mislikte først både dialogen og den urolege klippinga, men skriv etter eit gjensyn i 2022 at han lettare gir seg over til underhaldninga. Det er ei interessant endring. Eg vart òg positivt overraska, sjølv om historia ikkje er særleg truverdig. Når filmen først leverer farten og spenninga eg er ute etter, blir det enklare å godta resten.