Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Room (2003)

The Room

Film
3

The Room stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm 2013. Det er ein film som er så dårleg at han er bra.

The Room har fått kultfilmstatus for å vere ein fantastisk dårleg film. Tommy Wiseau har skrive manus, regissert og spelar hovudrolla, og mannen kan verken lage film eller spele. Ta eit kjapt videosøk og du vil forstå umiddelbart.

Eg vurderer The Room til å vere sopass bra utelukkande på grunn av underhaldningsverdien. Sannsynlegvis er denne best å sjå i selskap, trass i kleine scener på rekke og rad. Men filmen er absolutt verdt å orientere seg om uansett.

Sean Moriarty på Cold Coffee Press (coldcoffeepressblog.wordpress.com) meiner mykje av moroa ligg i at filmen prøver å vere eit alvorleg drama, medan nesten alt ved gjennomføringa slår feil. Dei uventa replikkane og handlingstrådane som berre forsvinn, gjer han ivrig etter å sjå kva som kjem vidare. Det er nettopp denne underhaldningsverdien eg vurderer. Me treng ikkje forveksle dårleg filmskaping med god filmskaping for å få stor glede av resultatet.

Ikkje direkte anbefalt, men likevel anbefalt.