The Room - Filmdagbok

The Room 2003

The Room stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm 2013. Det er ein film som er så dårleg at han er bra.

The Room har fått kultfilmstatus for å vere ein fantastisk dårleg film. Tommy Wiseau har skrive manus, regissert og spelar hovudrolla, og mannen kan verken lage film eller spele. Ta eit kjapt videosøk og du vil forstå umiddelbart.

Eg vurderer The Room til å vere sopass bra utelukkande på grunn av underhaldningsverdien. Sannsynlegvis er denne best å sjå i selskap, trass i kleine scener på rekke og rad. Men filmen er absolutt verdt å orientere seg om uansett.

Ikkje direkte anbefalt, men likevel anbefalt.