The Royal Tenenbaums - Filmdagbok

The Royal Tenenbaums 2001

The Royal Tenenbaums er utvilsamt ein av dei beste filmane til Wes Anderson. Veit du ikkje kven Wes Anderson er, så er han ein filmskapar som siden 1990-talet har etablert seg med sin heilt eigen stil og sans for detaljar.

Fleire av filmane til Wes Anderson kan skildrast som ei historie sett til ei filmverd inspirert av miniatyrmodellar. Som dokkehus og liknande. Alt er nøye forseggjort for å skape ei form for realisme, og når dette blir blåst opp i storleiken til ekte menneske blir det framheva. Det er ikkje faktisk gjort sånn, men det er mitt inntrykk av stilen i blant anna The Royal Tenenbaums.

Handlingane er vel så forseggjorte. Her handlar det om familien Tenenbaum, kor dei tre barna gjorde det stort i ung alder. Faren var ein dårleg fyr, og dei har unngått både han og til dels kvarandre sidan dei blei myndige. No har faren annonsert at han har ein sjukdom som ikkje kan bli kurert, og ønsker at heile familien blir samla igjen.

Alle har sine problem, nokon store og nokon små. Felles er at dei blir fortalt på ein komisk måte, og blir handtert av karakterar som er både komiske og har ein snev av smerte i seg. Som med omgivnadene så merkar du at alt er planlagt ned til minste detalj, ingenting er tilfeldig og det meste passar saman. Ergo kjennest det kunstig, men på ein god måte. For min del er det godt når eg kjenner igjen filmverkemiddel, men samtidig kan la kjensler og engasjement ta styringa.