
The Russell Girl
Amber Tamblyn spelar ei ung kvinne som blir diagnostisert med kreft, og tar turen heimover for første gang på lenge, for å fortelje foreldra om sjukdommen. Årsaka til at ho ikkje har vore heime på lenge, er ei dyster fortid som involverer eit dødsfall. Ei forhistorie som filmen fortel gradvis, og som eg ikkje skal røpe.
Kreft, dødsfall, tilgiving, sorg og forelsking er alle tema i denne tv-filmen. The Russell Girl har som Hallmark-filmar flest eit mål om å vekke kjensler med sterke verkemiddel. Verkemiddel det er lett å fnyse av, men som fungerer. Berre ikkje så godt akkurat i The Russell Girl, som er ein tam film.
Ein tv-film er for meg ein film med avgrensa budsjett, ei føreseieleg historie og bruk av nemnde verkemiddel i fleirtal. Ein kombinasjon som kan føre til for mykje av det gode. Eit ekstra punkt som ofte gjeld Hallmark-filmar er kjente og gode skodespelarar, som etter mitt skjønn er eit trekkplaster.
Amber Tamblyn er ikkje personen med størst utstråling, og er som filmen litt tam. Verken ho eller andre klarar heilt å vekke så mange kjensler i den enn så opplagt sorgfulle filmen.
Skribenten x4mr på Sustainability, Equity, Development (x4mr.blogspot.com) opplever Amber Tamblyn heilt annleis. Der eg synest både filmen og hovudrolla blir tame, finn skribenten eit sterkt og presist spel i det stillferdige. Det låge tempoet blir også framheva som ein styrke. Eg skjønar at tilbakehaldet kan gjere dette nært, men for meg blir avstanden til personane for stor til at dei tunge kjenslene verkeleg grip tak.
