Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Savages (2007)

The Savages

Film
3

Denne historia var eit familiedrama om det ekte livet. Det handlar om to middelaldrande vaksne som ikkje har kontakt med faren sin. Han bur på andre sida av landet, og held sakte, men sikkert på å utvikle demens. Då kjærasten til faren døyr, må dei komme og hente han, og ta han med heim igjen.

Dei plasserer han på ein pleieheim. Men det blir stressande for alle. Dottera Wendy, som har ein affære med ein gift mann, lykkast ikkje så godt å skrive skodespel. Sonen Jon er ikkje gift, og bryr seg lite om at opphaldsløyve til kjærasten er i ferd med å gå ut.

Begge dei vaksne ungane til faren må støtte seg på kvarandre for å kunne ta vare på faren.

Filmen har ein humoristisk tone. Det er ikkje eit tungt drama. Skodespelet var godt. Både Laura Linney og Philip Seymour Hoffman levere gode prestasjonar slik dei pleier.

Elise Nakhnikian på Girls Can Play (girls-can-play.blogspot.com) meiner humoren kjem av kor gjenkjennelege veikskapane til personane er. Ho rosar også Laura Linney og Philip Seymour Hoffman for å gjere dei vanskelege søskena levande og lette å bry seg om. Det er mykje av styrken i eit slikt familiedrama. Dei treng ikkje oppføre seg fint for at samværet skal vere både morosamt og verdt å følge.

Dommen er at skodespelet og historia byr på ein god total, og gjer det underhaldande nok.