
The Sea Beast
The Sea Beast er ein storslagen animasjonsfilm, både i lengde og kvaliteten på animasjonen. Han har ei kurant historie, og byr på mange artige innslag undervegs. Eg saknar ei sterkare kopling til dyrelivet her, og mindre førelesing om krig og skuld. Hadde filmen hatt fleire bein å stå på, og kanskje ikkje vore så rett fram i historia han fortel, så kunne dette ha blitt betre. Det er bra nok altså, men ikkje nok til å bli minneverdig.
Kenneth Seward Jr. på GameSpot (gamespot.com) rosar animasjonen og meiner historia engasjerer sjølv om ho låner mykje frå andre filmar. Han likar også kor direkte filmen formidlar bodskapen til barn. Der er eg mindre overtydd. Eg skulle gjerne hatt meir av møtet med dyra og mindre forklaring av kva me skal lære av det.
