The Seafarers - Filmdagbok

The Seafarers 1953

I 1953 kom Stanley Kubrick ut med sin første film i fargar, den 28 minuttar lange The Seafarers, ein lang reklamefilm for ei fagforeining for sjømenn, Seafarers International Union. Her blir me proppa med informasjon om korleis jobbutdelinga til medlemmene går føre seg, kva dei driv med når dei er i land, og kor bra økonomisk støtte dei har. Interessant nok ei stund, men det blir altfor langt med 28 minuttar når eg ikkje har særleg interesse for dette fagfeltet i utgangspunktet.

Filmatisk sett er ikkje kortfilmane til Stanley Kubrick så dumme. Det kan tenkast at budsjetta ikkje har vore dei største, men kameraføring og klipping er tydeleg gjennomført. Tema til både Flying Padre og The Seafarers var nok den største akilleshælen.