Som Ethan Jenkins (Michael W. Smith) i denne filmen er ikkje eg på jakt etter å ta den lette vegen ut. Det har ingenting med min dedikasjon til kristendommen å gjere, men heller at eg ikkje fann nokon norske filmmeldingar av filmen å lenke til. Forresten så er eg heller ikkje dedikert til kristendommen.
The Second Chance er ein film om forholdet mellom den rike delen av samfunnet, der pengar er drivkrafta, og den fattige delen, der hard jobbing står i sentrum. Men det er og ein film om å finne igjen det du trur på. Ingen glorifisert gospelfilm dette her. Av og til føler eg at eg ser på ein dokumentar, der eg går inn i rolla som Ethan og blir vist rundt.
Fin som film. Jordnære folk, engasjerande til tider. Nesten litt rørande mot slutten.