The Secret Life of Walter Mitty - Filmdagbok

The Secret Life of Walter Mitty 2013

Fantasien er stor i The Secret Life of Walter Mitty, den femte filmen som Ben Stiller har regissert. Med manus av Steve Conrad som blant anna skreiv manuset til The Pursuit of Happyness.

The Secret Life of Walter Mitty tar utgangspunkt i ein grå og firkanta karakter, som får sjansen i sitt liv til å gjere noko meir ut av livet når eit filmnegativ blir borte i jobben. Walter (Ben Stiller) har til no stort sett dagdrøymt spennande ting, men har ingenting å fylle datingprofilen sin med, og får dermed ikkje kontakta kollegaen Cheryl (Kristen Wiig) som han likar på ei datingside.

Filmen fjernar dei stramme rammene for realisme og opnar for ein overgang frå fantasifull dagdrøyming til spenning i levande live. At Walter reiser verda rundt er drygt på ein måte, betyr ikkje at det ikkje passar filmen. Som eit eventyr å bli kasta ut i er dette ein fantastisk flott film, som viser til det å ta sjansar og leve livet. Walter er verken for kjip eller for vanvittig, men er ein normal og velfungerande person som er lett å knyte seg til.

Musikken er typisk for sjangeren, men god. Visuelt sett er filmen nydeleg. Og både humor og romantikk er klart til stades, men ikkje dominerande eller over toppen. Balansert, men samtidig sprø nok, er mitt beste forsøk på å oppsummere tonen til filmen med få ord.