
The Secret of My Success
Ein ung, ferdigutdanna mann flytter frå ein gard i Kansas for å byrje i ein god jobb i storbyen New York. Når han kjem dit blir han møtt av ei umiddelbar oppseiing, og må ty til ein fjern slektning for å sikre seg ein annan jobb, på det interne postrommet i bedrifta.
Michael J. Fox spelar den unge mannen, Brantley, som ikkje har tålmod til å jobbe seg heilt frå botnen av og oppover i selskapet, som slektningen hans onkel Howard styrer. Nyutdanna frå college innanfor forretningsdrift, har Brantley det som skal til for ein utfordrande kontorjobb i dei øvre etasjane. Men han manglar erfaring.
The Secret of My Succe$s ligg nære å vere ein forviklingskomedie. Brantley tar etter kvart på seg ein ny identitet som styremedlem i selskapet, og lurer både sjefen på postrommet og onkelen sin. Og det er i grunn det filmen handlar om, å snike seg rundt for å gjere det du brenn for, og samtidig måtte unngå å bli avslørt.
Filmen blir så god som det er av fleire grunnar. Han har fleire relevante poeng om tilsetting og kravet om erfaring. Filmen viser også kor langt du kan komme med dei rette kontaktane eller ved å utnytte eit kaotisk system. Her er det systemet eit uoversiktleg selskap. Michael J. Fox har utstråling og ein jordnær person som får Brantley til å verke akkurat passe truverdi i rolla si. Ei blanding av humor og ei historie som kan motivere, fungerer godt i lag her.
Problemet med å trenge erfaring for å få arbeid får også merksemd på The Reel Life of Real Life (thereellifeofreallife.blogspot.com). Lorelle Shorten rosar både denne innvendinga og Michael J. Fox si komiske timing, og finn mykje motivasjon i viljen til Brantley. Det er ei treffande blanding av det eg også set pris på. Filmen har noko å seie om å få ein sjanse, samtidig som hovudpersonen gjer forviklingane lette å like.
