
The Seven Year Itch
Eg hadde høge forventingar til The Seven Year Itch. Billy Wilder regisserte denne komedien i 1955. Eg har gitt alle andre filmane eg har sett av Billy Wilder fire eller fem stjerner. Men her droppa det til to. Eg har ikkje gitt nokon annan film tre ein gong, så dette var skuffande.
Ein mann sender kona og sonen til Maine for å unnslippe sommarvarmen i Manhattan. Sjølv blir han att og arbeider. Så flyttar ei vakker kvinne inn i leilegheita over, spela av Marilyn Monroe. Han blir umiddelbart fanga. Filmen krinsar rundt fantasiane og freistingane hans i dei to dagane som følger.
Problemet er at eg ikkje trudde på det som skulle vere kjerna i filmen. Marilyn Monroe spela dårleg. Ho er kunstig og har dårleg timing. Mannen skal vere besett av henne, men er berre rar og vinglete og stressande og følge.
Kjemien manglar. Det skal utvikle seg noko, men det blir mekanisk.
Filmen er eit produkt av si tid. Hays-koden tvinga visst Billy Wilder til å fjerne innhald om utruskapen som var med i teaterstykket filmen er basert på. Kvinnesynet er datert, men det forventa eg. Eg godtar historisk avstand når ein film framleis fungerer på eigne premiss. Men her haltar det. Det hjelp ikkje då at Billy Wilder vanlegvis er så sikker.
Sensuren treng ikkje berre å vere ei svekking, ifølge The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com). Omtalen les filmen som ein komedie om avstanden mellom Richard sine fantasiar og det som faktisk skjer. At draumen om ei affære ikkje blir verkeleg, er då ein del av poenget. Det er ein interessant motargumentasjon. Men eg måtte ha trudd meir på skodespelet og samspelet for at denne avstanden skulle bli morosam.
Eg skulle gjerne ha likt denne. Eller for å seie det på ein annan måte, det hadde vore fint om dette var ein god film.
