The Shawshank Redemption er i følge IMDb Top 250 den beste filmen gjennom tidene. Visst er det ein veldig god film, sjølv om han ikkje er min favoritt.
Det handlar om to menn i fengsel, og korleis dei blir kjent over mange år. Dei er framstilt som gode menn trass i dommane som har sendt dei i fengsel.
Fengselslivet blir skildra på godt og vondt. Dei sterke scenene er effektive, og det er i dei lyse stundene ein skikkeleg god film også.