Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Sheltering Sky (1990)

The Sheltering Sky

Film
2

Bernardo Bertolucci si filmatisering av ein Paul Bowles-roman er fin å sjå på. Med sine store ørkenlandskap og open himmel. Det er mykje dramatikk i lys og skuggar. Reint teknisk er dette bra.

Eg har eigentlig ikkje noko i mot skodespelarane heller. Verken Debra Winger eller John Malkovich er så aller verst.

Men eg klarar ikkje å engasjere meg. Eg verken opplever at filmen skal i noko retning, eller ser at han prøver. Og det likar eg ikkje. Spesielt når undertonen er så negativ som her. Då sit eg att med ei dårleg kjensle. Som filmen med sin slutt til slutt stadfestar.

Vakre bilete og ei tom kjensle er ein kombinasjon fleire reagerer på. George Karystianis på Film Mining 101 (filmmining101.com) rosar fotograferinga, men saknar djupn i dramaet og forståelege kjensler hos karakterane. Der møtest me, sjølv om han er langt meir kritisk til skodespelarane. For meg er det først og fremst avstanden til historia som gjer at ørkenlandskapa ikkje er nok.