
The Skeleton Twins
Med Bill Hader og Kristen Wiig i hovudrollene venta eg kanskje meir komedie av The Skeleton Twins. Filmen er først og fremst eit drama. Det er ikkje noko gale med det, men eg synest ikkje han har så mykje å rutte med.
Milo (Bill Hader) og Maggie (Kristen Wiig) er tvillingar som ikkje har hatt kontakt på ti år. Ei krise fører dei saman igjen. Begge slit med sitt, og gjensynet vekker gamle problem i tillegg til dei dei allereie har.
Eg kunne gjerne sett eit godt drama med desse to. Problemet er ikkje berre at forventingane mine gjekk i ei anna retning. Historia dei har fått, gir meg for lite.
Nathan Rabin skriv på The Dissolve (thedissolve.com) at hovudrollene er godt spela, men at filmen blir verande i eit tungt spor og sjeldan lèt skodespelarane vere morosame. Han finn nokre gode møte mellom søskena utan at heilskapen vaknar til liv.
