Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Snowman (1982)

The Snowman

Film
4

Ein relativt moderne juleklassikar dette, som har rukke å bli vist på tv år etter år ei stund allereie.

Denne flotte og litt triste eventyrhistoria om ein liten gut som får oppleve at snømannen han bygger kjem til live om natta og tar han med på ei eventyrleg reise følgande natt. Då det ikkje er noko tale i 1982-versjonen, sett bort frå introduksjonen gjort av David Bowie, spelar musikken ei ekstra viktig rolle. Den nydelege musikken er gjort av Howard Blake, med den gang 13 år gamle Peter Auty på vokalen til Walking in the Air, ein ny favoritt.

Animasjonen har eit preg av bokillustrasjon over seg, er rik på detaljar, og har eit litt statisk preg. Naturleg, ettersom denne blei laga for britiske Channel 4 og ikkje kinopublikummet verda over. Det er ikkje vanskeleg å like animasjonen, då han i grunn er perfekt til å skildre den hurtige forflyttinga me opplever, og er med på å gi kortfilmen særpreg og kanskje litt ekstra vinterstemning.

Det viktigaste som kan bli sagt om The Snowman er at dette er ein knallfin juleanimasjon med den rette stemninga, som lullar meg inn i seg før den avsluttar på flott, smått trist vis.

Biletbokpreget får også ros av Beryl Parkey på The Filme Diary (thefilmediary.wordpress.com). Omtalen finn musikken og teikningane sterkare enn sjølve historia, men meiner avslutninga har ei tyngd ein ikkje utan vidare ventar av den lette ferda. Eg blir meir oppslukt av heilskapen. Det enkle eventyret gir plass til at musikken og bileta kan bere oss av garde, og då får den vesle sorga på slutten verke utan store ord.