Ein relativt moderne juleklassikar dette, som har rukke å bli vist på tv år etter år ei stund allereie.
Denne flotte og litt triste eventyrhistoria om ein liten gut som får oppleve at snømannen han byggjer kjem til live om natta og tar han med på ei eventyrleg reise følgjande natt. Då det ikkje er noko tale i 1982-versjonen, sett bort frå introduksjonen gjort av David Bowie, spelar musikken ei ekstra viktig rolle. Den nydelege musikken er gjort av Howard Blake, med den gang 13 år gamle Peter Auty på vokalen til Walking in the Air, ein ny favoritt.
Animasjonen har eit preg av bokillustrasjon over seg, er rik på detaljar, og har eit litt statisk preg. Naturleg, ettersom denne blei laga for britiske Channel 4 og ikkje kinopublikummet verda over. Det er ikkje vanskeleg å like animasjonen, då han i grunn er perfekt til å skildre den hurtige forflyttinga me opplever, og er med på å gi kortfilmen særpreg og kanskje litt ekstra vinterstemning.
Det viktigaste som kan bli sagt om The Snowman er at dette er ein knallfin juleanimasjon med den rette stemninga, som lullar meg inn i seg før den avsluttar på flott, smått trist vis.