
The Social Dilemma
Filmen The Social Dilemma som kom på Netflix i 2020 utgir seg for å vere ein hybriddokumentar. Ordet er nytt for meg, men utføringa er ein gammal kjenning. The Social Dilemma blandar intervju og innslag med eksempel som er fiksjon.
Med ein dokumentar er det alltid mange spørsmål som dukkar opp. Kven har laga dokumentarfilmen? Kven har interesser av det som blir formidla? Kor nyansert er det som blir formidla? Er innhaldet på nokon måte sant? Og så vidare. Det er rett og slett så mange spørsmål at eg i stor grad ikkje er så glad i den type dokumentariske kategorien The Social Dilemma hamnar i.
Eg er nok meir glad i naturdokumentarar og historiske dokumentarar, sjølv om desse også har sine avgrensingar. Mens The Social Dilemma er ein meir tematisk dokumentarfilm.
Alt dette sagt om sjangeren, så kunne eg med The Social Dilemma sette pris på at filmen gjorde meg merksam på ulike tema og spørsmål. Litt teknisk innsikt byr han på òg. Om noko er bra, dårleg, sant eller ikkje blir mindre viktig for min del, då eg tek utgangspunkt i at dette fullt ut kan vere ei rotete blading av meiningsytring.
David A. Lynch på David A. Lynch (dalexlynch.wordpress.com) meiner blandinga av intervju og fiksjon gjer bodskapen tydeleg og engasjerande. Han vedgår at dei oppdikta innslaga kan vere manipulerande, men opplever dei som eit verksamt grep. Eg held større avstand til det filmen vil overtyde meg om. Likevel kan forme få fram spørsmål som er verdt å ta med seg, utan at ein dermed må godta alle svara filmen gir.
