Når ei sommarforelsking som The Spectacular Now dukkar opp skal det lite til før eg ser filmen. Ungdomsfilm og sommartid er ein garantert hit for min del. Hadde filmen også hatt ein dose med 1980-talet, noko han ikkje har, så hadde det vore så midt i blinken som det kan bli.
The Spectacular Now handlar om to ulike ungdommar som møtes og skapar eit band. Sutter (Miles Teller) er den populære på skulen. Han har ingen framtidsplanar og er allereie litt for glad i alkohol. Aimee (Shailene Woodley) er den strake motsetninga. Ho er skuleflink og har mål i livet. I lag får dei fram nye sider ved kvarandre, og det er dette som gjer filmen så fin. Det har lite å bety korleis slutten er. Som tittelen til filmen viser til så er det notida som er det viktige for han.
Du må ha sansen for Miles Teller og Shailene Woodley om du skal like dette. Det er i stor grad dei og deira typiske seg på film det står og går på, i tillegg til det romantiske og delvis komiske aspektet ved filmen.