The Spirit of Christmas - Filmdagbok

The Spirit of Christmas 1995

Denne kortfilmen er stort sett som ein vanleg South Park-episode pakka saman til ein fjerdedel av speletida. Gutane er alle der, og ser òg like ut som i serien. Åtferda deira varierer ikkje mykje, inkludert det uanstendige språket. Cartman er dusten han alltid har vore. Kenny skal døy. Og me får òg eit stykk South Park-moral på slutten.

Det er som South Park møter Celebrity Deathmatch når julenissen og Jesus kjempar mot kvarandre for for å visa menneskja kva jula eigentleg handlar om, og overtyda dei om at posisjonen deira er den rette. Og som alltid med South Park, er det ikkje noko svart-kvitt resultat, men løysinga på problemet er mange nyansar.

Eg er ganske sikker på at ingen verkeleg såg dennee før dei faktisk kom over serien, men dei fem minuttane er absolutt verd tida for fans av serien.