The Spirit of Christmas - Filmdagbok

The Spirit of Christmas 2015

Ei ung kvinne frå storbyen får i oppdrag å selje eit stort hus på landet. Det må skje fort, men når ho kjem til huset for å møte med ein meklar, kjem eit stort problem opp for dagen med ein gong.

Huset blir påstått å vere heimsøkt av eit spøkelse kvart år i førjulstida. Kvinna trur ikkje på dette, og er innstilt på å gjere jobben sin. Ho vel å overnatte i huset, sjølv om ho blir åtvara om at dagen for tilbakekomsten til spøkelset er same natta.

Resten av filmen kan ikkje forklarast meir utan å avsløre. Men lat meg berre sei at filmen ikkje held seg til realisme.

Det sagt, så er dette uansett ein av dei betre julefilmane eg har vore borti som er laga for tv. Filmen har ei god historie som fyller heile filmen, og med drama som engasjerer og handling som utviklar seg. Som bonus gir filmen inntrykk av at det er vinter i scenene som skjer ute, som er sopass rik på snø at det verkar å vere ekte snø det er snakk om.

Det er ikkje gitt frå første stund kva slutten av filmen er, i form av kva karakterane endar opp med å gjere, eller kva som er svaret på eit mysterium som utfoldar seg. Og dette held sjåaropplevinga interessant.