The Sugarland Express markerer debuten til Steven Spielberg på storskjermen. Hans førre film Duel blei laga for tv, mens denne er i breiformat og med eit betydeleg større budsjett på 3 000 000 amerikansk dollar samanlikna med 375 000 som Duel hadde.
Goldie Hawn, ung og pen som ho var i 1974, stikk av med hovudrolla, sjølv om både Michael Sacks og William Atherton har like mykje skjermtid. Goldie Hawn spelar Lou Jean i det som er ei historie basert på sanne hendingar, saman med mannen som nyleg har rømt frå fengselet kidnappar dei ein politimann og forlanger skyss til Sugarland. I Sugarland er ungen deira i fosterheim, mot deira vilje, og Lou Jean vil ha han tilbake.
I The Sugarland Express er det mykje bilkøyring og endå fleire bilar. På det meste finst det titals politibilar i bilde. Steven Spielberg brukar mange av teknikkane han nytta seg av i Duel. Kamerautsnittet og kameraføringa er stødig utført og smart. Nødvendig informasjon kjem med utan for mykje kluss og brå klipperytme.
Tonen i filmen heller meir mot humor enn Duel og kan trygt bli plassert inn i den vidare utviklingskurva som Steven Spielberg hadde mot sine første storfilmar. The Sugarland Express er sopass alvorleg at eg ikkje vil kategorisere det som ein familiefilm. Slutten som eg ikkje skal gå innpå i detalj set eit punktum for dette inntrykket.
Heilt på tampen vil eg trekke små parallellar til Dog Day Afternoon av Sidney Lumet. Begge to er filmar basert på sanne hendingar. Begge omhandlar gisseltaking og kidnapping. I hovudet til dei kriminelle i begge filmane ligg forståelege motiv, og ikkje minst går begge føre seg i avgrensa miljø. Ein politibil i The Sugarland Express og banken i Dog Day Afternoon. Utføringa elles er det større forskjell i, men med desse tinga i tankane synst eg The Sugarland Express har mykje godt for seg i tillegg til å vere biljakt og våpen.