Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Sun Is Also a Star (2019)

The Sun Is Also a Star

Film
3

Eit romantisk drama sett til New York er dei enkle orda som lett plasserer The Sun Is Also a Star blant filmar. Dei gripande tema som blir vesentlege for skjebnane til dei to unge er utsending av landet og val av utdanning.

Den kvinnelege rolla, spelt, av Yara Shahidi, har vore i USA i mange år. Faren tok familien dit, men har blitt oppdaga som ulovleg innvandrar. Av den grunn skal dei bli sendt ut av landet. Når ho møter den mannlege rolla, har ho igjen eit knapt døgn før utreisa.

Den mannlege rolla, spelt av Charles Melton, kjem frå ein familie der foreldra forventar at han skal bli lege. Eit intervju med Dartmouth College står på trappa når han møter den kvinneleg rolla.

På eit vis overtalar han ho til å gi han ein sjans til å få ho til å bli forelska i han.

The Sun Is Also a Star er ein film av typen som klarar å fange eit stykke av det eventyrlege New York på film. Mykje av handlinga går føre seg i løpet av ein dag, og det skjer mykje og blir snakka om mykje i løpet av den dagen.

New York får mykje ros frå Frank L. på No More Workhorse (nomoreworkhorse.com). Han finn byen vakker på lerretet, men meiner dei mange samantreffa får millionbyen til å verke som ein liten landsby. Eg lèt meg lettare rive med av denne romantiske dagen. Innvendinga hans minner likevel om kor mykje filmen ber oss godta for at møtet skal kjennast som skjebnen.

Dette er ein film som gir ei god kjensle, og som handlar meir om notida enn kva slutten av filmen blir. Sjølv om eg var spent på kva vending dette ville ta. Han held eit godt nivå, og kjennest ut som kinofilmen han er. Likar du romantiske drama så kan det vere ein fin film å sjå.